Takk for oss 2012
Takk for oss!!
Då er Tresfjordrevyen over for i år, og vi vil takke alle som på ein eller anna måte har vore involvert i revyen, på scena, bak scena eller framfor scena.
Totalt 21 personar var i år på scena, blant desse også Ordføraren i Vestnes. Vi vil spesielt takke dei sju debutantane som ville vere med på galskapen vår. Det er ikkje tvil om at Tresfjordrevyen vil leve også i framtida.
Vi vil og takke våre trufaste sponsorar som kvart år svarar ja når vi ringer og masar om annonser. Vil her spesielt nemne "Spar Tresfjord" og "Sandra og Iris" som kvart år tek jobben med å selje billettar.
Dei som har den viktigaste rolla i revyen er sjølvsagt PUBLIKUM!! Litt over 600 var innom dørene dei på dei fem førestillingane. Utan dykk hadde det heilt klart ikkje blitt noko Tresfjordrevy. Tusen takk til alle!!
Sjølv om årets revy no er omme går ikkje revyfolka i Tresfjord i dvale. Til sommaren er det ny Gapskrattfestival. 5. - 7. juli er det revy både dag og natt i Tresfjord. Bli med du og! Me treng både dugnadshjelp og publikum. Følg med på www.gapskratt.no framover, men for denne gong: TAKK FOR OSS!!
Tresfjord Ungdomslag
Sist oppdatert (lørdag 07. april 2012 20:26)
|



